2009-02-12

Ingebjørg Olavsdatter

Ingebjørg Olavsdatter nr. 39
”Rikissas hevn”
Frid Ingulstad, Noreg. Cappelen Damn As, 2008. 254 sider.

Denne boka er bok nr 39, den nyaste boka i serien, så denne boka er vidareføring av dei føregåande bøkene. Alle bøkene sluttar når det blir spennande, så dei neste begynner midt i spenninga.

Året er 1363. Tidligare har Ingebjørg vore gjennom mye farar, sorger og hinder. Problema forfølgjar henne. Denne boka begynner med at Ingebjørg blir overfall på soveloftet da ho skal sove. Ho og mannen hennar, Folke Bårdsson, har følgd ei kvinne som har fødd – og drepe – eit barn til Sel i Gudbrandsdalen. Ingebjørg søv aleine på loftet som gjest på garden dei følgde kvinna til. Om ikkje ho har vore sikker på det før, så er ho det no; hennar siste time har komme.

Ingebjørg er altså hovudpersonen, men vi ser ofte situasjonar frå andre sin vinkel. Deler av handlinga hender blant anna på Ingebjørg og Folke sin gard, Akershus festning og nedover i landa mot Italia.

Det er eigentleg ganske mange konfliktar eller forviklingar i boka. Grunnen er at det er så mange viktige handlingar og synsvinklar. Boka startar som sagt midt i en forvikling, og det er ikkje berre ein i løpet av boka. Igjen er det vanskeleg å fortelje om berre ein konflikt eller forvikling. Eg kan derimot seie noko generelt om dei forskjellege konfliktane; dei fleste konfliktane vi møter på i boka er retta mot Ingebjørg og hennes familie og venner sin sikkerheit. Denne boka er faktisk litt annleis frå dei andre bøkene, fordi i denne boka er Ingebjørg stort sett i sikkerheit, det er hennes medmenneske som er i fare denne gongen.

Ingebjørg Olavsdatter er hovudpersonen. Boka er ikkje fortalt i ”eg”-person frå hennar side, men vi får likevel vite hennar følelsar, tankar og bekymringar. Ingebjørg er eit veldig jordnært menneske. Ho har ingen vonde tankar og meiner alt godt. Ho har møtt på veldig mange farar og vonde menneske i sitt liv. Ho er konstant redd for hennar og familien og vennene sin sikkerheit, og det pregar livet hennar.

Boka handlar om korleis det var på middelalderen. Den er historisk riktig, og forfattaren har basert historia på en sann hending. Boka inkluderer historisk fakta. Temaet i boka er kjærleik. Det er nok nokre småtema i boka, men alt reflekterast som regel alltid tilbake kjærleik.

Forfattarens bodskap med denne serien/boka meiner eg er at man skal vere obs på kven man stoler på, men samtidig vere eit godt menneske og vise at man bryr seg og er et godt medmenneske. Gå framfor som eit godt eksempel og ikkje la seg rive med av vonde handlingar. Kjærleik er sterkt og viktig i livet. Vi lærer også ein del om middelalderen.

Boka er skrive med litt gammelnorske ord, og det var i begynninga litt vanskeleg å forstå, men etter ein stund merker du det ikkje. Forfattaren skriv på ein måte som er veldig lett å forstå. Du setter deg veldig lett inn i historia, det er masse spenning og mye replikkar.

Eg elskar denne bokserien/boka. Den er interessant å lese, eg lærer mykje av den og handlingane er utrolig spennande. Den fangar meg og eg setter meg inn i historia. Nokre gangar har eg opplevd at eg ikkje orker å lese den, fordi det blir så intenst og spennande at det er slitsamt. Denne boka, eller serien er nok meir riktig å seie, kan absolutt anbefalast til andre.